ANT RØNTGEN KAN, INNTIL VIDERE, IKKE TA IMOT PRIVAT BETALENDE PASIENTER. VISER TIL KOPI AV VEDLAGTE PRESSEMELDING NEDENFOR:
Styrkar MR-tilbodet på Nordmøre i ein periode | ||
Ein ny mellombels samarbeidsavtale mellom Helse Midt-Norge, Helse Møre og Romsdal og ANT Røntgen i Kristiansund styrkar MR-tilbodet til pasientar tilvist til Kristiansund sjukehus. Avtalen er inngått for å få ned ventetidene ved sjukehuset. | ||
- Vi er fornøgd med å få tilgang på ei ekstra MR-maskin i Kristiansund. Vi har ei utfordring med at ventetida for våre pasientar har auka, men no vil vi snu utviklinga og sikre raskare oppfølging og undersøkingar, seier klinikksjef Per-Erik Tødenes.Privat MR-maskin Det er ANT Røntgen som eig MR-maskina som Helse Møre og Romsdal skal disponere i Konsul Knudtzons gate 8 i Kristiansund. Tilbodet vil bli organisert og drifta med helsepersonell frå føretaket og det er ortopediske pasientar som er tilvist til Kristiansund sjukehus som vil få tilbod om undersøkingar her.- Vi vil vurdere drifta og situasjonen undervegs. Leieavtalen med ANT Røntgen varer fram til 28. februar 2022, seier Tødenes. MR-tilbodet ved sjukehuset I 2020 tok Kristiansund sjukehus i bruk ei ny og topp moderne MR-maskin, men sjølv med effektiv drift har ein ikkje klart å ta unna alle pasientar som blir tilvist til undersøking. Bilete frå opninga av MR-maskina i Kristiansund i 2020. |
Bilete frå opninga av MR-maskina i Kristiansund i 2020.